norsk tidend

Når bokmålet rår i klasserommet

Ein del nynorskskular i Noreg er fulle av bokmålselevar. Det har sin pris – mellom anna for nynorskelevane.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

I hjarta av Sør-Noreg, på grensa mellom Aust- og Vestlandet, ligg Hemsedal. I hallingdalskommunen med kring 2500 innbyggjarar har nynorsk tradisjonelt hatt ein nokså solid posisjon, både som opplæringsspråk og administrasjonsspråk. Men tilflyttinga til turistkommunen er stor – og no er den jamne hemsedølen i stor grad ein bokmålsbrukar. 

– I stor grad eit sjølvstudium

Alle skulane i Hemsedal kommune har nynorsk som vedteke opplæringsmål, men det er mest på papiret. Det byrjar å bli nokre tiår sidan dei fyrste elevane byrja med bokmål. Sidan den gongen har det berre blitt fleire og fleire. Sjølv om opplæringslova krev skilde klassar for nynorsk- og bokmålselevar på barnesteget, har Hemsedal kommune valt å ha bokmåls- og nynorskelevane blanda i dei same klassane – undervist av den same læraren. Nynorskelevane er no i mindretal i alle klassane i kommunen.

Måten Hemsedal kommune handterer språkkløyvinga blant elevane på, møter no sterk kritikk frå ei gruppe foreldre til nynorskelevar. Mangelen på ei skikkeleg skriveopplæring gjer situasjonen for nynorskelevane svært krevjande, meiner foreldra. Hanne Eid er innflyttar til kommunen og mor til ei dotter på barnetrinnet. Ho seier kvaliteten på skriveopplæringa i kommunen er langt under det ein kan vente.

– I det store og heile er ikkje nynorskundervisning eit skikkeleg tilbod her. Det er heilt tilfeldig om ungane får det. Takka vere ein ivrig lærar fekk nynorskelevane i klassen til dottera mi eiga norskundervisning eit år på barneskulen. Berre det var til stor hjelp. Men elles har ikkje kommunen vore villig til å dele klassane, sjølv i enkeltfag. Sidan kommunen brukar økonomiske argument mot deling, har vi føreslått at dei kunne slå saman nynorskelevar frå fleire trinn i norskundervisninga. Men det har vi ikkje fått gehør for.

Foreldra som fortel om situasjonen til Norsk Tidend, har ungar spreidde utover dei fleste klassetrinna i grunnskulen, og dei overordna erfaringane er tydelege og einsarta:

◆ Kommunen har ikkje nokon plan og legg ikkje føringar for å sikre nynorskelevane undervisning på nynorsk. Det inneber at lærebøker kan vere den einaste nynorsken elevane les – heilt ned i fyrste klasse. Skriveopplæringa kan dermed i stor grad bli eit sjølvstudium.

◆ Ein del av lærarane kan ikkje nynorsk og er ikkje i stand til å rette tekstar for elevar med nynorsk som hovudmål.

◆ Når det blir bruka nynorsk i undervisninga, er det grunna enkeltlærarar som har ansvarskjensle for nynorskelevane og/eller kan nynorsk sjølve.

◆ Den vanskelege situasjonen for nynorskelevane har blitt teken opp med kommunen fleire gonger, men utan resultat.

◆ Mange elevar fell ifrå og byter til bokmål undervegs i skuleløpet. Situasjonen er så vanskeleg for elevane at det må vere heilt spesielle grunnar dersom ein skal greie å halde på nynorsken ut 10. klasse i Hemsedal.

– Blanding mellom bokmål og halling

Sønnev Skrede er mor til ein barneskuleelev og leiar i Hemsedal Mållag. Ho er samd med Hanne Eid i at skriveopplæringa nærmast er ikkjeeksisterande.

– På tavla føregår undervisninga som regel på bokmål, og lærarane skriv tilbakemeldingar til elevane anten på bokmål eller ei hjelpelaus blanding mellom nynorsk og bokmål. Elevane får med andre ord ikkje noko særleg opplæring i å skrive nynorsk, og eg har inntrykk av at mange nynorskelevar skriv ei slags blanding mellom bokmål og halling utan å bli korrigerte. Sjølv har vi i grunnen vore heldige, for dottera mi har hatt kontaktlærarar som både har vore kunnige og interesserte i nynorsk. Men det er rett og slett rein flaks. Skrede fortel at mållaget har gjort ein innsats for å få kommunen til å ta imot gratis nynorskhjelp, men at responsen har vore laber.

– Kommunen er nok for så vidt ikkje heilt uinteressert, men saka blir ikkje prioritert. Tori Snerte er mor til ein ungdomsskuleelev, musikklærar og aktiv i Hemsedal Mållag.

Ho legg ikkje skjul på at situasjonen er alvorleg.

– Det har kome nynorskelevar til meg og sagt at eg er den einaste læraren deira som skriv nynorsk på tavla. Somme elevar er motiverte og vil gjerne halde på nynorsk som hovudmål oppover i klassane, men opplever at det blir for vanskeleg når dei knapt får undervisning i det. Det er vondt å høyre.

Ho meiner kommunen kunne gjort enkle grep for å betre situasjonen.

– Berre ein enkel ting som å tematisere nynorskkompetanse i stillingslysingar og på jobbintervju kunne hjelpt. Vi treng leiarar i oppvekstsektoren som har dette med nynorsk langt fram i pannebrasken – i det daglege. Det monnar lite kva enkeltlærarar gjer.

Foreldra Norsk Tidend har intervjua, er samstemde i kritikken av nynorskundervisninga i kommunen. F.v. Hanne Eid, Sønnev Skrede, Hege Janett Myro, Hege Falck-Andersen, Randi Birgitte Lien, Tori Snerte (skjult) og Norunn Rivedal. Ingrid Undheim Løken er ikkje med på biletet. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

– Ser ikkje kva vi kunne gjort annleis

Gunn Berit Nergård er oppvekstsjef i Hemsedal. Ho seier det har vore vanskeleg for kommunen å dele nynorsk- og bokmålselevane i ulike klassar, slik opplæringslova krev.

– Foreldre til elevar som ynskjer bokmål, har vore fleire enn ti over svært mange år. Hadde dei kravd eigen klasse, hadde vi først og fremst fått eit problem med areal og utfordringar med skuleskyssen. Løysinga som er gjort, er ikkje god. Det er vi alle samde om. Men vi ser ikkje korleis vi kunne gjort det annleis.

På spørsmål om Hemsedal kommune har søkt skjønnsmidlar frå fylkesmannen for å dekkje utgifter knytte til klassedeling, opplyser Nergård at det ikkje har blitt gjort dei siste åra. Oppvekstsjefen seier ho er klar over at situasjonen for nynorskelevane ved skulane i kommunen kan vere utfordrande og seier ho har teke opp situasjonen med skulane fleire gonger.

– Skuleleiarane har mint lærarane på ansvaret og sytt for at nynorsk vert brukt, men det er mogeleg påminninga bør takast opp att.

Nergård er klar på at hovudmålet ved skulane i Hemsedal – altså nynorsk – som hovudregel skal brukast i til dømes tavleundervisning.

– Er det elevar med bokmål og nynorsk i klassen, føregår tavleundervisninga på nynorsk. Alle skal kunne skrive nynorsk på tavla, òg om dei underviser i andre fag enn norsk. Dette må rektorane og lærarane fylgje opp.

Nergård stiller seg tvilande til påstanden frå foreldra om at ein del lærarar i skulane i Hemsedal ikkje kan nynorsk.

– Nynorsk er ein del av grunnskuleopplæringa. Det kan vere at nokre lærarar føretrekkjer bokmål, men dei skal kunne undervise på begge målformer. Om det er lærarar som kjenner at dei ikkje meistrar nynorsk godt nok, vil kommunen gje tilbod om kurs i nynorsk. Vi skulle hatt kurs i mars, men det vart avlyst på grunn av korona.

På spørsmål om kommunen gjer tiltak for å sikre at barnehagane brukar nynorsk, for slik å gjere valet av nynorsk som opplæringsmål meir nærliggjande, svarar Nergård at ho meiner dialektarbeid er nøkkelen til nynorsk blant dei minste.

– Barnehagane har hatt fokus på dialekta. Dette er den beste måten vi ser å nærme seg nynorsken. Problemet vi ser i bygda, er at dialekta blir borte. Vi jobbar med dialektfremjande tiltak, og det håpar vi skal motivere til val av nynorsk.

– Kommunen burde redusert språkdelinga

Hemsedal kommune er slett ikkje den einaste nynorskkommunen der ein del foreldre ønskjer opplæring på bokmål. Klepp kommune på Jæren har eit fleirtal nynorskskular, men likevel om lag halvt om halvt med nynorsk- og bokmålselevar.

Else Berit Hattaland er mor til fleire barn i skulane i kommunen og er aktiv i Jæren Mållag. Hattaland meiner språkkløyvinga stort sett går greitt i barneskulen, der elevane går i eigne nynorsk- og bokmålsklassar i tråd med reglane i opplæringslova. Ho etterlyser likevel ei meir aktiv rolle frå kommunen for å få elevane til å velje nynorsk.

– Sjølv om situasjonen har vore ganske stabil her i nokre tiår, fryktar eg jo at nynorskelevane blir færre og færre. Den einaste bokmålskrinsen i kommunen kom for tre år sidan, då nynorskelevane hadde blitt så fåe at det vart dyrt og upraktisk med eigne nynorskklassar. Men det verkar ikkje som om det er vilje frå kommunen til å tydeleggjere at språket i skulen i Klepp er nynorsk. Gjennom barnehagane, bibliotek og andre tenester barnefamiliane naturleg kjem i kontakt med, burde kommunen vist at målsetjinga er at flest mogleg vel nynorsk og såleis redusert språkdelinga. I dag er det til dømes heilt opp til den einskilde barnehagestyraren om det blir lese noko nynorsk i barnehagen. 

Hattaland meiner dei store utfordringane for nynorskelevane tek til på ungdomsskulen, når opplæringslova ikkje lenger krev skilde bokmåls- og nynorskklassar.

– Kommunen blandar klassane i ungdomsskulen, og så vidt eg kjenner til, blir det då ikkje stilt krav om kva språk lærarane skal bruke i kommunikasjonen med elevane. Det kan fort gå utover nynorskelevane, som treng å sjå språket sitt i bruk mest mogeleg.

Else Berit Hattaland i Jæren Mållag er uroleg for at nynorskelevane i ungdomsskulen får for lite undervisning på nynorsk. Foto: privat

Hattaland får støtte i uroa av forelder Hege Hopen, som har ein son på ein av ungdomsskulane i Klepp.

– Mange av lærarane ser ut til å nytte seg av den målforma dei sjølve er mest trygge på i samhandling med elevane, utan å ta omsyn til kva målform eleven brukar. Det meiner eg dei i større grad burde gjere.

Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold er kommunalsjef for barn og unge i Klepp kommune. Ho kjenner seg ikkje att i at kommunen ikkje har vilje til å tydeleggjere språket i skulen og barnehagane.

– I barnehagane blir det lagt til rette for bruk av begge målformene. Det er tilgjengeleg barnebøker både på nynorsk og bokmål. Utvalet av bøker er enno størst i barnebøker på bokmål. Styraren i den enkelte barnehagen skal følgje rammeplan for innhaldet i barnehagen, og språk er ei av oppgåvene i mandatet. Sjølv om ikkje alle bøker er på nynorsk, er det fleire som nyttar dialekta si ved lesing av bøker. Leigvold seier kommunen følgjer opplæringslova i praktiseringa av opplæringsmål i ungdomsskulen.

– Retningslinjene seier at elevane elevane frå 8. trinn kan bestemme sjølve om dei vil bruke nynorsk eller bokmål, men skulen skal bruke vedtatt hovudmål i arbeidet. Generelt blir det gjeve undervisning både på bokmål og nynorsk på alle ungdomsskulane i kommunen.